Embracing uncertainties: Towards pedagogies of critical hope in early childhood education and care

Framside på publikasjonen.

Korleis kan barnehagefeltet møte ei samtid prega av klimaendringar, sosial ulikskap, teknologiske omveltingar og politisk uro utan å bli handlingslamma? Dette avsluttande kapittelet samanfattar perspektiva i boka og argumenterer for kritisk håp som ei pedagogisk haldning – ikkje som naiv optimisme, men som vilje til å sjå urett og utfordringar tydeleg, samtidig som ein held fast ved moglegheita for forandring.

Med utgangspunkt i Paulo Freire sine omgrep om kritisk medvit, dialog og pedagogisk forplikting utfordrar forfattarane forståingar av barnehagen som først og fremst ein arena for skuleførebuing, standardisering og framtidig økonomisk produktivitet. I staden blir barnehagen løfta fram som ein stad for etisk, økologisk og relasjonell transformasjon, der barn og vaksne kan utvikle omsorg, motstandskraft, kritisk refleksjon og evne til å førestille seg andre og meir berekraftige framtider.

Kva vil det seie å håpe kritisk i møte med polykrisa? Kapittelet viser korleis urfolkskunnskap, intergenerasjonelt samarbeid, miljøpedagogikk, samskaping og menneskesentrert bruk av teknologi kan opne alternative vegar framover. Kritisk håp handlar då ikkje om å vente på betre tider, men om å handle gjennom dialog, kollektivt ansvar, omsorg og pedagogisk risikovilje. Slik blir barnehagen forstått som meir enn ein institusjon som tilpassar seg kriser: Han kan også vere ein dynamisk arena for motstand, fornying og samskaping av framtida.

Oropilla, C. T., & Andreadakis, Z. (2026). Embracing uncertainties: Towards pedagogies of critical hope in early childhood education and care. In Z. Andreadakis & C. Oropilla (Eds.), Confronting the polycrisis: Contributions from early childhood education and care to sustainable futures (pp. 339–349). Springer. https://doi.org/10.1007/978-3-032-22167-4_20

Forrige
Forrige

Confronting the Polycrisis: Contributions from Early Childhood Education and Care to Sustainable Futures

Neste
Neste

EX-PED-LAB workshops and the Courage to Co-create