Å handle & å tenke: Utdanningsverkstad for studentar, faglærarar og barnehagelærarar
Skildring
Verkstaden startar med leik og eksperiment ute/inne (t.d. «På Mars»: lage avatarar, kartleggje territorium, besøkje kvarandre). I starten er aktive handlingar, der målet å gjere og erfare. Deretter følgjer spontan tenking, der ein moderatori frå utsida leier spontan idémyldring og koplingar til kvardagsliv i barnehagen: Kva skjedde? Kvifor? Kva ser vi moglegheiter for? I den meir fagspesifikke delen blir innsikt forankra i læringsutbytte og kunnskapsområde i studieplanen; ein forankrar omgrep, gjer didaktiske grep og utformar vidare planar for utprøving og eksperimentering. Etterpå kan deltakarane bruke pit-stop-bøker og korte tilbakemeldingsskjema for å reflektere meir opent og hente ut personleg læring.
Mål
Forankre i studie-/emneplan: gjere læringsutbytte konkrete og synlege i praksis.
Utvikle profesjonskompetanse: utforske leik, rørsle, språk og natur som læringsarenaer.
Kople erfaring og teori: omsetje det som skjer i handling til omgrep og didaktikk.
Bygge samskapande kultur: blande studentar, faglærarar og barnehagelærarar i likeverdige grupper.
Plan for vidare arbeid: definere neste forsøk i barnehage og kva som skal observerast.
Utdanningsverkstad i Sogndal
Rettleiing
Rammer
Tidsbruk: 1–3 dagar (kan delast i økter på 2–3 timar).
Deltakarar: 24–90 (grupper på 5–7, blanda studentar/faglærarar/barnehagelærarar).
Rolle: Ein ekstern/utanfor gruppa modererer og har heilskapsoversikt.
Utstyr (min.)
Ute-/innerom, enkelt materiell til eksperiment/rollelek, kartpapir, markørar, teip, post-its, kamera/mobil for dokumentasjon, pit-stop-bøker eller hefte, korte evalueringsskjema.
Program (kan tilpassast)
1) Handlingar
Leik/eksperiment: sett ramma (t.d. «Mars»).
Oppdrag i blandagrupper: bygg avatarar, lag kart, besøk andre «område».
Dokumentasjon: foto/sitat/stikkord (kva rørte seg? kva overraska?).
2) Spontan tenking
Del og beskriv: kvar gruppe viser eitt nøkkeløyeblikk.
Undre og tolke: kva slags praksisar/relasjonar/rammer såg vi?
Kopling til barnehagekvardag: korleis kan dette slå rot i vår praksis kommande veke?
3) Fagleg kopling
Knyting til læringsutbytte: kva omgrep/kompetansar er i spel?
Didaktiske grep: formuler 2–3 «Slik gjer vi når …»-setningar.
Neste steg: plan for utprøving i praksis (kven, kvar, når, kva observere).
4) Avslutning og etterarbeid
Plenum: gruppene gir råd til leiing, eigar, utdanning.
Personleg forankring: pit-stop-bok eller «brev til meg sjølv» (+ deling i par).
Evaluering: kort skjema/ordsky og dato for oppfølging.
Moderatortips
Bland grupper på tvers og lat berre moderator ha «heile fasiten».
Hald tempoet lekent, men med tydelege tidssignal.
Bygg bru mellom handling og teori i same økt – ikkje som seinare tillegg.
Leveransar
Bilete/klipp og kort gruppenotat frå handlinga
2–3 didaktiske prinsipp per gruppe
Plan for utprøving i barnehage (ansvar, tidspunkt, observasjonspunkt)
Personlege refleksjonar i pit-stop-bok + oppfølgingstid i kalenderen