Drømmeverksted med foreldre
Beskrivelse
Denne verkstaden byggjer bru mellom heim og barnehage. Vi startar breitt – alt er lov å drøyme om – og snevrar inn til det som faktisk let seg gjennomføre no. Kvar gruppe endar med ein felles draum dei ønskjer å prøve ut i næraste vekene, og vi lagar ei enkel drømmevegg som synleggjer retning og ansvar. Verkstaden er blanda på tvers av erfaring og språk, og minst éin frå personalet deltek i kvar gruppe.
Mål:
Felles retning: Løfte fram kva som betyr mest i det daglege, uformelle samarbeidet.
Konkret handling: Kvar gruppe vel minst éin gjennomførbar draum å prøve ut.
Rettferdig deltaking: Sikre blanding av foreldre (erfaring/språk) og at alle får ordet.
Læring undervegs: Kort, digital evaluering (Mentimeter) på slutten.
Samskaping i verksted
Veiledning
Rammer og roller
Varigheit: 1,5 time
Gruppemiks: Styrar set saman grupper (blanding i erfaring og språk), og sørgjer for minst éin frå personalet per gruppe.
Styrar si rolle: Opnar verkstaden, forklarer kvifor dette er viktig, fordeler grupper, held tida.
Utstyr
Bord organisert i smågrupper
Post-it og penn/blyant
Fargestiftar/tusjar
Store ark (A3/A2) til felles plakat
PC/mobil til Mentimeter (evaluering)
Program steg for steg (90 min)
Opning og rammer (maks 15 min)
Kort presentasjon av dykk som leiarar.
Ramme: Håpe/drøyme – alt er lov. Deretter gjer vi det konkret: kva kan me få til no?
Styrar forklarer kvifor dette er viktig for samarbeidet og fordeler grupper.
Individuell drøyme-runde (5–10 min)
Oppgåve på post-it/ark: «Kva drøymer du om skal skje når barnet kjem i barnehagen?»
Teikn eller skriv – eitt ønske per lapp.
Deling og samtale i gruppe (ca. 40 min)
Alle presenterer sin draum (ein og ein).
Samtal om moglege måtar å oppnå draumane på.
Personalet støttar konkretisering: kven, kvar, når, første steg.
Velje og synleggjere felles draum (ca. 20 min)
Kvar gruppe vel minst éin draum som kan prøvast ut no.
Skriv/teikn på stort ark og heng på vegg/golv → drømmevegg.
Notér første steg + ansvarleg + tidspunkt i liten tekst under.
Mentimeter – mini-evaluering (5 min)
2–3 spørsmål (t.d. «Kva vart tydeleg?», «Kva gler du deg til å prøve?»).
Avrunding (resten)
Takk for innsatsen. Del kor og når oppsummering vert sendt.
Fotografer drømmeveggen for deling i etterkant.
Etterarbeid (anbefalt)
Send samandrag med bilete av drømmeveggen og gruppene sine val.
Avtal kort oppfølgingspunkt (t.d. om 3–4 veker): kva vart prøvd, kva vil vi justere?