Ingrid Skarprud’s PhD Prosjekt
Ingrid Skarprud sitt doktorgradsprosjekt med tittel Pedagogisk retrovasjon – med verkstad som fenomen, stad og utforskingspraksis, undersøker korleis verkstad påverkar og bidrar til utforskande undervisningspraksisar i barnehagelærarutdanninga. Forskinga søker å svare på barnehagen sitt behov for fleire utforskande praksisar, der ulike aksjonar i form av verkstad søker å utvikle og utvide pedagogisk innsikt i barnehagelærarutdanninga.
Skarprud ser på potensialet som ligg i kunnskapsområdet Kunst, kultur og kreativitet, og kva for praksisar og tradisjonar som ligg i faget forming i barnehagelærarutdanninga. Denne utvida forståinga for bruk av verkstad søker å sjå på praksisar i nåtida saman med tradisjonelle skapande undervisningsformer. Forskingsprosjektet ser til verkstad med eit ynskje om at desse pedagogiske praksisane kan trekkast fram. Skarprud undersøker korleis dette kan operasjonaliserast i utdanninga, og om det kan skape ny metodisk inngang til kunnskapsproduksjon.
Prosjektet er posisjonert i kunstbaserte forskingsformer/arts-based research, der fenomen eller forskarspørsmål blir utforska gjennom kunstnarlege prosessar. I denne samanhengen er verkstad metoden, der Skarprud arbeider innanfor forskingsmetodologien a/r/tography (a/r/tografi). Her forskar ein gjennom perspektiva som kunstnar(artist)/forskar(researcher)/lærar(teacher), i relasjon mellom menneske, rom og material.
Skarprud argumenterer for at verkstad som undervisningsform, med skapande, utforskande og opne praksisar, kan vera med å auke kompetansen for opne og ustrukturelle praksisar. Denne handlingskompetansen kan ein oppnå i verkstadsundervisning der ein skiftar mellom orden og kaos i ein utforskande og skapande praksis.
Doktorgradsprosjektet er under utvikling og forventa levert februar 2027.